Thomas: Pendler sju mil med sin HR Electric

Thomas Mo Willig var med på Transportsykkel 2015 på Grünerløkka i mai. Dette er den andre artikkelen i en serie fra transportsykkeltreffet, der syklister forteller om sine utstyrsvalg.HR Electric E-Volution 11 er den elektriske toppmodellen fra Asker-firmaet Hard Rocx, som lanserte sine første elsykler i 2014. De 11 girene som er innkapslet i baknavet styres elektronisk med knapper på styret, og trenger derfor aldri justeres.hr-electric-profile

Min sykkel:

Ein HR Electric  E-Volution 11. Det er noverande toppmodell til HR Electric som er komplett utstyrt rett frå butikken. Det inneber: dempar med lock-out, skikkelige lys framme og bak, skjerm framme og bak, sykkelstøtte, bagasjebrett og rammelås.Ekstrautstyr så langt er eit stykk Thule tilkoplingsmekanisme for sykkelvogn gjennom baknavet. Sykkelen er utstyrt med ein Shimano Steps 250 W midtmotor og 418 Wh batteri.transportsykkel2015-hr-electric-33876

Mitt valg:

Eg ville ha ein solid elsykkel kjøpt hjå ein profesjonell forhandlar til heilårsykling. E-Volution 11 har elektrisk navgir som forenkler girsystemet og reduserer vedlikehaldet, vonar eg. Eit anna kriterium var at eg kunne hekta på ei sykkelvogn via baknavet, og det fungerte utmerka.Eg vurderte lenge diverse elsyklar med Boschmotor. Øverst på lista var tyske Riese og Müller sin Bluelabel Charger som også hadde internt navgir (type Alfine 8) og reimdrift, endå mindre vedlikehald! Men etter eit feriebesøk hjå Riese og Müller sitt sumarsal i Tyskland så kunne dei ikkje heilt svara på om feste til sykkelvogn var kompatibelt med Bluelabel Charger og Alfine 8 navgir. Etter litt googling verka det også som om Alfine 8 sitt navgir er litt mindre driftssikkert enn Alfine 11 som E-Volution 11 er utstyrt med.transportsykkel2015-hr-electric-33871Valet vart tatt i hausten 2014 då HR-Electric dukka opp som eit norsk alternativ, eg slo til med ein gang. Eg vil tippa at eg har brukt rundt 70 timar på å lesa meg opp på forskjellige elsyklar og motorsystem, det er ca 69 timar meir tid enn eg brukte på å vurdera leilegheita me kjøpte for tre millionar.

Mitt bruk:

Eg syklar tur-retur jobb (ca 70 km totalt) om lag tre dagar i veka. Eg gir meg sjølv to «fridagar» i veka slik at eg ikkje skal gå lei av jobbsyklinga. Om kort tid vil også minstemann bli transportert til og frå barnehagen. Elles vert tyngre handleturar på butikken eller lengre utflukter med familien meir enn gjerne gjennomført med elsykkel .Elektrisk giring er ein fin funksjon som ein gang for alle (?) eliminerer stadig justering og vintervedlikehald av girvaierar. Giringa skjer ganske raskt og ein kan trykka seg raskt gjennom alle gira. Motoren er synkronisert til giret og gjer eit lite opphald så ikkje giret blir overbelasta.transportsykkel2015-hr-electric-33862Ein kan også stilla inn giret slik at det girer ned automatisk til eit valt lågare nivå etter to-tre sekunder med stillstand. Det er veldig kjekt å sykla inn til eit lyskryss i niande gir, halda seg til ein lyktestolpe, og så starta opp igjen i tredje gir utan å ha gjort anna enn å halda på lyktestolpen.Sykkelvegen min er Bekkestua - Kjeller - Bekkestua, der eg følgjer Ring 3 og Trondheimsvegen. Eg startar som regel med eit fullada batteri på Bekkestua og kjem til jobb med litt over halve batteri igjen. Då har alle oppoverbakkar blitt forsert med maksimal assistanse og flatane med normal assistanse.transportsykkel2015-hr-electric-33875På veg tilbake varierer det litt om eg ladar det heilt opp eller ikkje ladar i det heile tatt. Eg kjem vel til å landa på det alternativet som er mest skånsamt for batteriet.Men dette er temperaturavhengig. Om vinteren, når det er minus 10 grader, slaps/snø og litt motvind, så er batteriet nesten utlada når eg kjem til jobb. Men då nyttar eg grove piggdekk og unnar meg maksimal assistanse nesten heile vegen.Til nå har sykkelvogn og Shimano Steps fungert godt saman. Men eg har opplevd fleire gonger at motoren luggar litt når eg syklar opp den bratte bakken ved Muselunden/Sinsenkrysset. Eg føler det er mindre rykking når tråkket mitt er jamnt og trutt enn viss eg "stresser" litt i tråkket.

Kjøpsinfo:

Sykkelen vart kjøpt hjå Røa sykkelservice, til underkant av 30 000 kr. Den veiledende prisen er 37 990 kr. Røa Sykkelservice har snakka varmt om samarbeidet sitt med Hard Rocx og serviceteamet til Shimano, det er betryggande når sykkelen skal til service ein gong i framtida.transportsykkel2015-hr-electric-33861

Forrige
Forrige

Magnus: Bullitt er brukssykkel nr én

Neste
Neste

Annas Workcycles Fr8: En kjærlighetshistorie